P U L S

ikke noe flott eller klokt. Bare noen tanker som er innom. Kanskje et dikt eller noen refleksjoner. Bare for å holde hjerneseller våkne, og nynorsken i hevd.

Pensjonist.

Det står ein gamal mann

ved stranda.

Heilt ved flomålet stend han.

Lengst ute 

der himmel og hav møtest

ser han barndommen.

Stiv og støl

legg han handa 

over augo.

Han ser best slik

ved flomålet 

av sitt eige liv.

Gamle tradisjonsrike ting uten straum. Berre handemakt og kunnskap.

LADING.

Telefon og nettbrett

er på lading.

Barbermaskina og tannkost

er på lading.

Klokka og bilen 

er på lading.

Pacemaker og høyreapparat

skal på lading.

Trua er på lading

heile tida.

Ladestasjon.

SYKLUS

Elsk meg

her ute i himmelranda

vaska av sola og turka av vinden

åpnar vi oss

reine for kvarandre.

Vi er blomar

 raude orkidear

  med voner

 om å gå inn syklusen

 evig her ute.

Slik var det, og slik opplever eg bestemor lever her i dette vesle huset som er for salg.

J. Sande skriv i diktet "Slik vil eg døy" om den siste timen med alt kjært rundt seg.  Kvinna ved rokken og katten som lager kjente lydar.

NOSTALGI.

Den gamle klokka

har timar att.

Fatet for brøddeig

ventar nytt mjøl.

Åkle og klokkestreng

viser tradisjon.

Stolar og bord

kjenner eg.

Alt står stille

og ventar på

--neste generasjon.

Slik er eg.

LIKSKAP

Når ein er

som naturen

hard

kanta

kald

aude

er det godt 

å koma hit.

Den harde steinen

er mjuk som hud.

Kanta fjell

er forma og slipt.

Det kalde berget

er varmt av sola.

Aude landskap

er fult av liv.

--Så lat meg vera

som naturen.

Skiftande.

VEKSLING.

Kom regn

skap lukter

reis vokstrar

snu livet

til fruktsame

skiftingar i syklusen.

Berre sol

skapar ikkje liv.

Berre glede

gjev ikkje lukke.

Kom tårer

som lim

mellom vonde

og gode dagar.

Kom regn.

"Gje meg handa di ven når det kveldar"

UTAN KROPP.

Elsk meg

i graset

lyngen

mosen.

Elsk meg

i trea

molda

vatnet.

Elsk meg 

i tida

som er

og kjem

og går.

Elsk meg no.

Stripene i bestemors ryer fasinerte meg. Rytmen og fargene hadde en fortelling.
To lerret grunnet for sommermotiv.(65x90). Det ble bestemors striper. Kanskje det er nok??
Kunstopplevelse på Holmsbu. To svigerinner i Koronaposisjon.

Når malinga stopper opp, må jeg finne andre ting som pirrer både det kognitive og det intuitive.  Da ble det skriving med lånte og egne tanker. Råkladden er ferdig med sorg og glede.  Uvant for meg er det at alt skjer her og nå.  

"M E L D E S T O K K " heter tankene som er sommerens mørke resultat.  Om de skal skrives på maskin vet jeg ikke.  For som med bilder er prosessen viktigst.  Og prosessen ble startet fordi jeg var tom og språkløs.  Så mange ord var glemt og ikke aktive lenger.  Kan en med Alzheimer skrive og sykdommen?  En som er død kan i alle fall ikke skrive om det.  Jeg lever.

Ein -renning- er grunnlaget i ein vevDen er grunnlaget som held alt oppe.  Og gjer det mogeleg å fletta inn tankar, draumar og følelsar.  Slik er mine bilete for tida. Renninga kjem fyrst på lerretet.  Så etter ei tid motiva.  Har eg tenkt på motivet ei stund, kan renninga få farge etter det. Så tråklar og smyg eg tankane på plass. Blir dei for dominerande, så spreier eg og får dei til å renne.  Ofte i fleire omgangar.  No er renninga blå som veggen på soverommet. Innslaget vert om barndomen.

Skriv en ny kommentar: (Klik her)

123hjemmeside.dk
Tegn tilbage: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

30.04 | 12:18

Ser ut som vi må feriere i Smögen sammen igjen når grensa åpner! Så får du noen nye bilder av barnebarna før de blir konfirmerte!

...
23.07 | 13:12

While visiting relatives in Alesund (1991), we purchased one of your original water colours. We hope to purchase another in August.

...
03.01 | 23:57

Dette ser kjempeinteressant ut, men gjelder dette no i 2018 . Kor i Hardanger held de til?

...
07.07 | 19:03

vi sågs då du ställde ut på Smögens brygga. jag kommer ha vernissage på torsdag denna vecka........ VÄLKOMMEN //håkan wiberg

...
Du kan lide denne side
Hej!
Prøv at lave din egen hjemmeside ligesom mig! Det er nemt, og du kan prøve det gratis
ANNONCE